Jess. Velkommen te Pingvenia's gjestebok


Back to Pingvenia   Report abuse

NameIngve
Date2005-09-08
MessageD for vera min valgkamp for i år. Tæge alt for lang tid og er dessutan alt for kjedeleg til at det er verdt det. Godt valg smilie


NameIngve
Date2005-09-08
Locationclick picture for more information
MessageAt me har eit nettverk som fangar opp folk som fell utanfor er noko vera stolt av og ikkje noko å rakka ned på. Folk som vil prøva å utnytta systemet vil det alltid vera - og antallet er minimalt(forskningsbevist!). Me har aldri hatt det så godt som no høyrer me stadig vekk i valkampen. Og presten/statsminister (djeez!) Kjell Magne Bondevik vil ha eit verdival i årets valkamp. Så velg din verdi: Eg har aldri hatt det betre økonomisk enn no - og betre vil eg ha det eller Forskjellane aukar i Noreg - det må me gjera noko med. Det er eit faktum at dei svakaste i samfunnet har vorte svakare under Bondevik II regjeringa. Dei økonomiske forskjellane har auka. Og aldri før har fleire vore på trygd enn no. Eg ser det som eit resultat av auka press i arbeidslivet, krav om auka effektivitet og profitt. Det er klart at dei svakaste og minst ressurssterke kjem sist i køen, eller får fyken fyrst. Arbeidsmarkedet vert meir utelukkande. Dei svakaste forsvinn fyrst frå arbeidsmarkedet og har mykje vanskelegare for å verta tekne inn i varmen igjen enn andre grupper. Ein depressiv og ond sirkel spør du meg.


NameIngve
Date2005-09-08
Locationclick picture for more information
MessageEit sosialdemokratisk samfunn handlar ikkje om å skapa et samfunn der alle er like og ingen er betre enn andre - det handlar enkelt å greit om at ulike menneske skal ha like muligheda. Private skular er i så må eit onde ettersom det er fyrste steget til amerikanske tilstander der ein er nødt for å ha ein stor sekk cash for å studera på dei 'beste' skulane - gjer ein det har ein f.eks. og fortrinn i jobbkøen. Like gale, syns eg, er det med kristne foreldre som sendar ungane sine bort på kristne privatskular slik at dei kan verta skikkeleg hjernevaska, utsøtte frå lokalsamfunnet og proppa fulle av fordommar mot homofile, palestinarar og mindreverdige ikkje-truande. Det fører jammen til eit betre samfunn...

Karakterar er avlegs og premierar slike elevar som meg som har evnen til å lesa ein ting ein gong, hugsa det til dagen etter, få ein utmerket karakter og gløyma det dagen etter. Effektiv læring? Langt ifrå. Karakterar kan virka like destruktivt som positivt. Kor mange gonge har eg ikkje høyrt Eg gjer vel faen i prøven, eg får jo bara någgas uansett. Alternative vurderingsformer som mappevurdering finns og bør tas i bruk! Ein motiverande vurderingsform der eleven faktisk får moglegheit til å sjå at han får noko til samtidigt som lærarane får eit meir heilhetleg bilde av eleven og evnene til eleven.

More to come smilie


NameIngve
Date2005-09-08
Messagetesting

testing


NameM5
Date2005-09-08
MessageJakob; du e enn knakandes fyr med masse gode argument, men du må ikkje slida ud spaceknappen på tastaturet ditt. fotball turnering e ikkje det sama som ei fotballturnering, senior fotball e noge aent enn seniorfotball osv. Denn her ordelingsepedemien som sveipe øve landet holde på å gjer meg galen! På tysk og norsk så e det lov å skriva om gjengemutteropphengsstativmaling. Det e ett langt og kranglitte ord, men det e sånn det ska skrivas. Ska det delas opp må du skriva om maling til opphengsstativet til gjengemutterer. Det er på engelsk ord skal deles, IKKJE PÅ NORSK!

sjekk ud www.amo.no Både morsomt og interessant.


NameLars Martin
Date2005-09-07
Locationclick picture for more information
MessageSer dæ tæge heilt av for SP. smilie


NameNarvestad
Date2005-09-07
MessageSå så, ta dæ roligt Mr. Årdal. smilie
SP SP SP SP SP SP SP SP SP SP SP SP SP SP SP SP
smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie
smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie smilie :g


NameJakob Aardal
Date2005-09-07
Locationclick picture for more information
MessageGløymte ein liten ting:
Viss du tenke på ein lærar karriere så må du og stemma raudgrønt! Dei vil nemleg senkja karakter grenså på opptak til lærarskulen ennå meir! Så har du halv dårlege karakterar, ingen problem! Tenk kor gode og motiverte lærarar me får i framtida!! Kremen av norsk ungdom!!


NameJakob Aardal
Date2005-09-07
Locationclick picture for more information
MessageNei, får inn dei raudgrøne sosialdemokratane! Det er viktig å ha samfunn der ingen er betre enn andre, for me er jo alle skapa likt og har dei same eigenskapane. Off, karakterane, skal me ikkje bare få vekk dei? Det er farleg om ein er betre enn ein annan, ikkje la han prøva seg på eit høgare nivå.
Og ikkje minst dette med slutt spel i fotball turneringane, eg trur me må setja ei grensa på senior fotballen med sluttspel. Frå junior og nedover må me for all del ikkje ha sluttspel! La alle få 5 kampar i turneringar, og la alle få premie etterpå.
Og me må heller ikkje gløyma dei sosiale stønadane. La oss heva dei sånn at alle unnasluntrarane får ennå meir i stønad.(nå snakke eg ikkje om folk som verkeleg er sjuke, eg snakke om folk som utnytte systemet.) Det er viktig at folk som ikkje gidder å arbeida får mykje peng!
Og desse fæle friskulane, off, off! Me må få dei langt vekk!
Og 6-timers arbeids dag, hurra! Det må me få oss! Og for all del, folk som vil stå på og jobba øvetid må me trykka ner! Er det ikkje for lite at dei må betala halv skatt? Kan me ikkje berre gje dei halv timeløn av det dei egentlig tener slik dei gjer i kina når folk vil jobba øvetid der?

Nei, som sagt, høyres dette med meir interessant ut: Stem raudgrønt!


NameIngve
Date2005-09-06
MessageVelkommen til studenttilværelsen Nody smilie
Vonar det går bra med den oppgåveinnleveringa.

Takk for et spark i ræva Jakob og som Jakob så observant påpeike så er valget her snart og derfor er det som seg hør og bør lagt ut ein poll på Pingveniaframsida. Ikkje skal det vera mogleg å juksa heller trur eg. Verte forresten diskutert alt for lite politikk her. I år bryr eg meg faktisk ikkje om kva folk stemme - så lenge di stemme rødgrønt smilie Fira nye år med Bondevik? Ehh...nei smilie


Page 40 of 91 << First < 37 38 39 40 41 42 43 > Last >>